Les denne boka!

Robert Crais sin «L. A. Requiem» er i tetgruppa av alle kriminalromanane eg har lese. David Baldacci, ein annan favoritt, seier det same på bokomslaget – og eg nikkar.

Det er ikkje unaturleg å tenkje på Michael Connelly. Dei legg begge handlinga til storbyen Los Angeles.

Bokomslaget til Robert Crais sin roman L. A. Requiem.

Bokomslaget til Robert Crais sin roman L. A. Requiem.

Connelly sin Harry Bosch er politimann medan Elvis Cole (i par med Joe Pike) er privatdetektiv, men at dei begge har namn etter kjende kunstnarar (Hieronymus Bosch og Elvis Presley) er berre eitt av mange felles trekk. Språkleg er dei svært ulike; der Connelly er journalisten som går rett på sak (eg tek meg ofte i å bli overraska over at romanane passerer 400-sidersmerket), er Crais meir dvelande, ofte litt underfundig.

Men begge skriv knakande godt.

Robert Crais har skrive 17 romanar. Eg er godt nede i min andre. Det kjennest godt, men om litt har eg lese dei alle.

comments powered by Disqus