Å reise 70 mil for dette!

Eg var i Sogndal i helgi, mykje for å sjå heimestarten i tippeligaen, Sogndal skulle møte Odd-Grenland. Eg tok fly, og det er eg glad for. Det kosta, men ettersom ein kjøpmann frå Sogndal ordna ein gratisbillett til kampen (takkar, kjøpmann!), så vart det ikkje ille.

Ulrik Flo burde gjeve Sogndal 2-1-leiing mot Odd. Arkivfoto: Bjørn Erik Pedersen.

Ulrik Flo burde gjeve Sogndal 2-1-leiing mot Odd. Arkivfoto: Bjørn Erik Pedersen.

Men hadde eg betalt dei 300 kronene det kostar å sjå kamp frå Sognekraft Øvre, så ville nok tankane om «pengane tilbake» meldt seg.

Ein utruleg keisam kamp. Målet til Bakka-Eirik trekker opp, men blemma til Ulrik Flo og blemmene til målvakt Bendik trekker mykje ned. Det gjekk eit nervøst gisp gjennom publikum kvar gong Odd sende ein lang ball inn i feltet, og Bendik kasta seg opp med boksehanskane sine.

No høyrer det vel med til historia at kampen på Fosshaugane var meir som eit påskot å rekne for å få seg ein tur til Sogndal. Resten av opphaldet var framifrå.

Ein sluttnote: Sogndal Fotball har merkt opp att bana etter førre sesong, flytta sidelinja ein halv meter mot bjørkesida. Men dei har også gjort diameteren på midtsirkelen mindre. Har banesjefen til Sogndal fått seg ny passar til jul, eller har NFF kome med nytt regelverk?

comments powered by Disqus