Å lage ein app for Android

Eg beit i det sure eller søte eplet her om dagen, og kjøpte meg ein Samsung Nexus S Android-telefon, og måtte teste ut kor lett/vanskeleg det var å lage min første app.

Skjermdump.

Skjermdump.

Og han måtte sjølvsagt handle om Sogndal fotball og Saftkokaradn.

Og no er han endåtil klar til å lastast ned frå Android Market - og gratis! Og ja, det skulle vel berre mangle, for han er ikkje spesielt avansert, og han tok heller ikkje lange tida å lage, etter det initielle plunderet. Det er kort fortalt ein app som samlar saman nyhende rundt Sogndal fotball, samt det siste som har skjedd på Saftkokaradn sin tråd om det same.

Nokre tips til dei som kan tenkje seg å kome i gang med utvikling på Android:

  • Eclipse Helios er ein bra og gratis utviklingsplattform.

  • Du må laste ned og installere Android SDK.

  • Denne lenka kan vere eit godt utgangspunkt.

  • Android sin SDK kjem med ein emulator, men denne er utruuuleg treg. Set telefonen din i «USB debug» modus, og kople til med USB.

  • http://www.androidicongenerator.net/ er ein lett veg til bra ikon.

Hovudgrunnen til at eg gjekk for Nexus S var for øvrig at dette er «Google-telefonen», med ein rein installasjon av aller siste versjon av operativsystemet, 2.3.3 (Gingerbread).

comments powered by Disqus