Palmerevyen når snart Mount Everest

«Palmerevyen til nye høgder,» melder Sogn Avis på framsida av papirutgåva, og då veit ein at det er påske.

Déjà vu er i følgje Wikipedia på nynorsk kjensla av å ha opplevd noko tidlegare som ein i røynda opplever for første gong.

Everest sett frå Kala Patthar i Nepal. Foto: Pavel Novak (CC BY-SA)

Everest sett frå Kala Patthar i Nepal. Foto: Pavel Novak (CC BY-SA)

Eg har ei sterk kjensle av at eg har sett den overskrifta mange gonger før, og i så fall er revygjengen på Systrond på god veg mot himmelen.

«Fann daud grevling. Kan det vera den same som vart sett i Fodnestunnelen?» spør Sogn Avis. Det var ein grevling i taket.

«Hafslo! Bedehusbasar måndag 18. april. kl. 18.00. Andakt - Duettsong - Listebøker - Åresal.» Duettsong på Skansen.

Hafslo Pub og Pizzeria. Pubkveld onsdag 20. april. Velkomne! annonse i Sogn Avis

«Likar du musikk av det litt hardare slaget, så er dette draumepåsken. » Det er Sogn Avis som melder dette. Eg, derimot, som likar musikk av det mjukare slaget, er på veg inn i ein Stephen King-roman. Dette er namna på orkestra som skal på Indre Sogn-scena denne påska:

Ungrateful, Repeaterbeater, Jagged Little Pills , Spitfire, Sézary, Bone Machine, Jesse Custer, Friday Night, Stuv, Crowd, Special Kids Unit, The Huskies, Lort, Raaskinn, a Waste of Time, Damage Done og Shine.

Eg skal ikkje gå inn i ein djupare litterær analyse av alle desse namna, men eg ser fort at t.d. Systrondsbandet _Shine _har henta inspirasjon frå nemnde Stephen King, som i 1977 gav ut romanen The Shining, seinare filmatisert med Jack Nicholson i hovudrolla.

Mogadishu er ein fredfull by samanlikna med Lærdal, skal ein tru avisa Firda: «Politiet i Lærdal har hatt ein heller travel føremiddag. Klokka kvart på tolv pågreip dei ein mann i 20-åra, mistenkt for køyring i rusa tilstand,» avslører Firda, før dei held fram denne halsbrekkande krimhistoria: «Klokka ti over tolv vart ein mann i 70-åra stoppa av tilsette på ein daglegvarebutikk. Han hadde teke med seg øl ut av butikken utan å betale for det.» Det skal gjere godt for ein sliten politikropp i Lærdal med litt påskeferie no.

Og det var Fylkesspit! God påske!

comments powered by Disqus