– Arabisk er vanskelegare!

Eg skal ikkje seie så mykje om nybygget til Sogndal hotell, som er ein glasklump klemt oppi Trehestebakken.

Men eg tykkjer eg høyrer samtalen mellom hotelldirektør og arkitekt om skiltinga – som vel ikkje skrik etter trøytte gjester på jakt etter ei seng:

– Er det ikkje litt vanskeleg å lese det skiltet der, ville det ikkje vore betre med eit stort vannrett «Hotell», kanskje i tillegg til eit bilde av ei seng?

Hotell eller kontorbygg?

Hotell eller kontorbygg?

– Ei seng? Har det rabla for deg. Nei den loddrette typografien er rett nok ikkje den lettaste å lese, men han er mykje lettare enn til dømes arabisk, der dei les frå høgre til venstre – og no er det slik at at Sogndal hotell er ein destinasjon, me ynskjer oss vel ikkje analfabetar som gjester. Dessutan var det ei billeg løysing, eg printa dei ut på matrisekrivaren min heime, og gøymde dei bak nokre centimeter med glas, slik at ein ikkje får auge på den skrekkeleg dårlege oppløysinga. Tanken var å bruke fonten Helvetica, for han er litt slik design, men den finst ikkje i Windows 3.11, so det vart Arial. Men det funkar som berre det.

– Kvikne, Walaker og Mundal er vel for destinasjons-hotell å rekne, men denne glasklumpen langt inne i terrenget?

– Prøyh! Sveitserstil med  fjordutsyn er so 80-tals. Eg var på konferanse med Snøhetta i Oslo, og der er det massiv arkitektur i glas som gjeld.

– No byggjer vel Snøhetta mest i stein, som i marmor?

– Ja, men inni Oslo går det mykje i glas. Og om eg får jobben med å teikne det sjuetasjer høge bygget på slakthustomti borti Øyane, så er det glas som gjeld. Det vil bli ein solreflektor som vil kunne gi Stedjebyggjarane den etterlengta ettermiddagssoli som dei har lengta slik etter. Det tenkjer eg vil stogge kjeften på desse protestantane.

comments powered by Disqus