Prinsen i Jostedalen har gifta seg

Prins William av Wales gifta seg denne veka. I 2004 var han i Jostedalen, på same hotellet som ei mengd NRK-journalistar.

Han fekk vere i fred, til stor irritasjon for mellom andre noverande distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen.

Prins William kysser brura Kate Middleton. Foto: John Pannell (CC).

Prins William kysser brura Kate Middleton. Foto: John Pannell (CC).

Men det var vel kanskje like greit, for særleg interessant fylkesjournalistikk ville neppe vorte resultatet. I beste fall eit intervju med ein av livvaktane:

– Har prinsen trivst godt her i Jostedalen?

– Ja, prinsen har hatt eit framifrå opphald, senga og maten var særskilt god. Og iskiosken skryt han masse av.

– Har prinsen møtt si framtidige kone her i Jostedalen?

– Det kjenner eg ikkje til, men det kan me ikkje sjå vekk frå.

– Har prinsen planar om å flytte til Sogn?

– Nei, det kan eg vel ikkje tenkje meg.

– Ja, han kan vel bli den første hertugen av Nigard?

comments powered by Disqus