Mann med hund vart nekta å stemme i Flåm

Veljar med hund i Flåm. Foto: Elvert Xavier Barnes

Veljar med hund i Flåm. Foto: Elvert Xavier Barnes

«Full politikar semje om betongteppet,» skreiv Sogn Avis i papirutgåva, og fylkesradioen raljerer.

– Det skulle ikkje ha vore orddeling mellom orda politikar og semje. No fekk setninga ei underleg tyding, seier redaktør Jan Inge Fardal til NRK.

At det heiter særskriving og ikkje orddeling, uroar ikkje redaktøren. For avisa har gjort det skarpare før. Der har det vore titlar med «Norges Neger- og Fiskerforbund» og «Mann med hund nekta på ekspressbuss frå Flåm til Sogndal». Klassikarar.

«Klar som eit egg», skriv Firda. Klar til å bli ordførar i Jølster, om det var uklårt. Og karen som er klar heiter Oddmund Klakegg. Eg har markert «egg» i «Klakegg» med feit skrift om det framleis skulle vere uklårt kva desse underfundige Førde-journalistane meiner.

«Får slakt etter sjokk-utmelding,» skriv NRK Sogn og Fjordane, som har henta inspirasjon frå «Spenstige uttrykk til bruk i nyhendejournalistikken ved kommune- og fylkestingsval og omtale av lokale korpskonsertar» (Selja Forlag, 6. utgåve).

«Den tidlegare Sogndal-spelaren Joel Cedergren (37) kan vera eit aktuelt namn til den ledige jobben som Sogndal-trenar, » skriv Sogn Avis i si uendelege framhaldsforteljing.

Cedergren har vore i Sogndal. Eg har vore i Sogndal. Sogn Avis vil halde fram serien «mulige framtidige trenarar» med dei fotballkunnige som bur i bygdi: Per Ingar Sviggum, Rolf Navarsete og Rune «Billa» Nondal. Sistnemde pratar flytande Dioula, og skal vere særleg godt kvalifisert til å kommunisere med dei to ivorianarane på laget.

«Sett med osloauge er det kanskje ikkje så nøye om kommunegrensene i Sogn og Fjordane stemmer med verkelegheita,» skriv Sogn Avis om Aftenposten si kartblemme under valet, der Leikanger strekte seg godt utover kommunegrensene. No ser eg med nett slike auge, og eg ville ikkje tykt det var særleg nøye om til dømes Kaupanger og Norane – ja, endåtil Fjærland, vart innlemma i Sogndal. Litt romsleg må ein vere.

«Åshild Kjelsnes kunne sleppa jubelen laus i natt,» melder Sogn Avis. Kjelsnes vart ny fylkesordførar i Sogn og Fjordane, og feira med å grave venstrehanda  djupt nedi skjørtet. Eg skulle ynskje eg kunne syne biletet, men det ville vore opphavsrettsbrot mot den årvakne fotografen Bent Are Iversen. Iversen skal ha fått tilbod om fotografjobb i både Se og Hør og i TV Norge-serien Big Brother etter dette scoopet.

Men no må eg stikke. Eg skal ut på ein eitt år lang ekspedisjon i hovudstaden, berre utstyrt med nokre betalingskort, rikeleg med kontantar, ein Android-telefon, ein iPad 2 og eit par Kindle eBok-lesarar. No kjem eg nok til å sove i eiga seng, om eg då ikkje er på ferie på ei solfylt strand i utlandet. Men det blir mykje friluftsliv på veg til og frå trikken. Og når denne strabasiøse ferda er over, kjem eg til  skrive boka «Ein roleg mann. 365 dagar som IT-konsulent, musikar og livsnytar».

comments powered by Disqus