Er nynorsken rota til alt vondt?

Dette innlegget er eit svar til systrendingen Øystein A. Vangsnes sin kronikk med motsett forteikn. Han samanstiller gode levekår med nynorsk språkføring. Dette er sjølvsagt rett, men av andre grunnar enn dei Vangsnes dreg fram.

Ivar Aasen

Ivar Aasen

Klart det er betre å vekse opp med upasteurisert mjølk og sjølvslakta gris. Klart det er mindre konfliktfylt med eit rikt og variert talemål, der folk frå nabobygder ikkje forstår kvarandre. Kulturskilnadene er store mellom folk i Balders gate og på Grønland i Oslo. Men dei pratar same språket – ein idiot er ein idiot. Ein lakabodl derimot.

Slik har det då seg at det aldri er slåstkampar mellom hafslobygdingar og sogndøler, eller mindreverdskompleks hjå systrendingane overfor sogndølene. Dei forstår ikkje kvarandre; dette er solsida av grautmålet. Sunnfjordingane, derimot, har eit meir finslepe talemål, og der er konfliktane mange og tunge.

Men bokmål er eit betre skriftspråk. Mykje fordi det er så vanskeleg å skrive godt, det er utfordrande – og språket har ein poetisk klangbotn som saknar sidestykke. Nynorsken har forfattarar som Ragnar Hovland, Frode Grytten og Finn Tokvam. Dei leverer alle eit flatt og livlaust språk, utan poesi og humor. No ser seg Grytten serverer twitter-noveller på to-tre setningar, han har bestemt seg for å lære seg eit ganglag før han syklar vidare.

Bokmålet har på si side Jo Nesbø … Ja, og nokre gode forfattarar for hundre år eller so attende i tid. Nesbø framstår kanskje som litt for glad i si eiga forteljarstemme, men gode plott har han. Og no er han å få kjøpt på engelsk også, til glede for mange nordmenn. Lettare.

Dei har også fått det til i Wikipedia på bokmål og riksmål (eller Wikipedia på norsk, som dei likar å titulere seg). No er kanskje språkføringa der nær opp til ein kansellistil, men dei har uhorvleg mange fleire artiklar enn nabo-wikien på nynorsk.

Så når eg no vel å skrive dette blogg-innlegget på nynorsk,  er det fordi eg har så stor respekt for bokmål. Bokmål er eit skriftspråk som krev sin mann. Når eg har lært meg å gå, då skal eg manne meg opp og konvertere.

Kanskje.

comments powered by Disqus