Palmerevyslakt
frå Sogn Avis

Gjennomgangstonen i Sogn Avis si omtale av Palmerevyen på Leikanger har dei siste 30 åra vore «betre enn nokon sinne.» I slikt perspektiv framstår årets omtale som eit slakt.

Eg tykkjer eg ser for meg redaksjonsmøtet:

– Kai Martin, du tek deg av revyen i år. Og hugs, me har fått ufortent kritikk frå mange hald om at me er for ukritisk skamrosande kvart år. Prøv og finn ein intetsigande og lett rosande tittel, gjerne med eit ord dei færraste forstår. Ja, og fang nokre bilete med lett overvektige menn ikledd dameklede. Det gjer seg godt på trykk!

– Okai, Jani! Det skal bli.

Faksimile frå Sogn Avis 2. april 2012.

Faksimile frå Sogn Avis 2. april 2012.

comments powered by Disqus