År 2076: Sogndal seriemeister for tiande året på rad!

Året er 2076: Det er 150 år etter klubbskipinga og 100 år sidan den fyrste cupfinalen, og spelarane i Sogndal jublar for sin tiande strake toppseriemeisterskap.

Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ulrik og Tore André byter i ein kamp mot Hønefoss i 2012. Sogndal tok ein sterk bronsjemedalje denne sesongen.

Foto frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ulrik og Tore André byter i ein kamp mot Hønefoss i 2012. Sogndal tok ein sterk bronsjemedalje denne sesongen.

Sogndal sigra over toppserie-nykommar Jotun i serieavslutninga. Sogndal vart med dét laget etter Rosenborg med ti toppserietitlar på rad. Rosenborg sikra på si side med nød og neppe plassen i Sogndal Bilpleieligaen (tidlegare Adeccoligaen) etter å ha sigra Utsira på heimebane i siste serierunde.

Om Sogndal si serieavslutning hadde Sogndal Avis[ref]Sogn Avis skifta namn til Sogndal Avis i 2046, året då alle kommunane i Indre Sogn vart slegne saman til storkommunen Sogndal. Redaksjonen vart flytt til Nestangen i Sogndal. Dette var det siste året avisa kom ut på papir.[/ref] mellom anna dette å seie:

Vinnarmålet frå Gobi Hopen[ref]Gobi var i følgje Statistisk Sentralbyrå det nest mest populære gutenamnet i 2056[/ref]  var nær identisk hans første, eit frispark frå rundt 60 meter, men denne gongen med høgrefoten. Sogndal tek dermed sin tiande strake meisterskap i Lerumsligaen[ref]Toppserien i fotball heitte Tippeligaen fram til 2066. Då tok Lerum over som hovudsponsor og fekk innført saft som éinaste drykk på norske stadionar[/ref]. – Dette var svært gledeleg og svært fortjent, seier fotballpresident Yggi Hallẽn, som såg kampen frå retrotribuna P1[ref]Retrotribuna P1 i bjørk har namnet etter ein oppmann og banesjef frå pionértida i Sogndal fotball.[/ref] på bjørksesida på Fosshaugane stadion. Juno Fardal,  Sogndal Avis 11. oktober 2076

Genetisk antropologi

Bakgrunnen til suksessen er mangeslungen. Me kjem attende til seksjonen for hardt arbeid over tid, men mange meiner at også genetikken har spelt ei sentral rolle.

Av desse er forskar Tejg Rimi Sehtil, som i 2064 lanserte den oppsiktsvekkjande doktoravhandlinga «Sogndal, en lokal fotballgenografi».

– Sogndal er en liten plass, men har over lang tid trukket til seg sterke fotballspillere. Disse har slått seg til ro i bygda og gjerne slått seg sammen med idrettsstuderende jenter på høgskolen. Dette har ført til en svært lokal og fotballsterk genografi, seier Sehtil og held fram:

– Sentralt i dette er også _«_Ambidexteritymutasjonen» av 2045.  Hva som skjedde er uklart, men vi ser nå nye generasjoner i Sogndal som ikke er enten høyre- eller venstrehendte; de skyter like godt med begge føtter, og det alt fra de er små.

Sehtil peiker også på statistiske samanhengar, og viser til Statistisk Sentralbyrå sin namnestatistikk for Sogndal-spelarar i perioden 1976–2076:

Merk at det mellom desse finst spelarar med likt etternamn som ikkje er i slekt. Til dømes spelte Tonny Richard Flo på Sogndal i sesongane 2034–2037, men han er ikkje i slekt med alle dei andre Flo-karane som har vore innom laget.

– Etternamnet mitt var opphavleg Hansen, men det er lettare å få kontrakt om ein heiter Flo, så då skifta eg, skal Tonny Richard Flo ha uttalt til Sogn Avis i 2034.

Pionértid, anleggsbygging og no seriedominans

Mykje har skjedd i Sogndal på 100 år. I 1976 overraska laget alle då dei kom seg til cupfinale og, kanskje viktigare, dei kom seg opp på det nest øvste nivået i det norske seriesystemet.

Sidan starta ein lang periode som heislag mellom dei to øvste divisjonane – og ein periode med anleggsbygging. Først som eit svært effektivt dugnadsprosjekt, deretter ein lang periode med profesjonell drift, god økonomisk teft og eit godt samarbeid med det offentlege.

I 2012 varsla tidlegare Sogndal-leiar og -spelar Rolf Navarsete nye tider etter ein lang periode med anleggsbygging:

– No er situasjonen at ein er så godt rusta at ein kan drive med dette i fleire år framover, med alle ressursar retta inn mot å byggje innhald. Alt talar for at vi kan få masse spennande ting framover, sa han den gong til lokalradioen.

Og han fekk rett. Dette var året då Sogndal tok ein sterk bronsjeplass i toppserien. I følgje den same Navarsete med mulig hjelp frå dei høgare makter:

Eg trefte ei som var åleine heime. Resten var på kamp. På stillinga 0–1 gjekk ho på loftet, folda hendene og bad han om å hjelpe. Det første som skjedde då ho kom ned att, var 1-1-målet. Og så 2–1. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle tru. Rolf Navarsete til NRK Sogn og Fjordane etter 2-1-sigeren mot Molde (2012)

Framleis spelarimport

Spelarstallen anno 2076 er i stor grad lokal. Åtte av dei som starta i seriefinalen er avla opp frå Sogndal sine aldersbestemte lag, fire er frå andre lag i fylket medan sistemann er ein målmann frå Brann[ref]Norges Fotballforbund auka talet på spelarar til 13 som ein følgje av ein auke i banearealet i 2055[/ref] .

Slik vil det også bli i framtida, trur talentspeidar i Sogndal, Tomahawk Fylling. Han seier han er godt nøgd med kampen og serietittelen. Han fortel at han har det travelt, for han skal nå ei flygebane til Molde, der han skal sjå stoggartalentet Olander Solstad i aksjon.

– Me kan ikkje utelukke stortalent berre fordi dei kjem frå andre stader i landet, seier Fylling.

Solstad sa på si side dette til Romsdals Budstikke:

– Klart det ville vore eit stort steg opp og få spele for Sogndal. Det er jo noko alle drøymer om.

comments powered by Disqus