Verdsleiande noregstoar

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ikkje inne på listene over verdas beste universitet. Men det kan det bli ei endring på.

Massachusetts Institute of Technology er kåra til verdas beste universitet. Foto: John Phelan.

Massachusetts Institute of Technology er kåra til verdas beste universitet. Foto: John Phelan.

I alle fall om ein skal tru Rasmus Stokke, dekan ved avdeling for lærarutdanning og idrett:

– Høgskulen i Sogn og Fjordane vert verdsleiande. Det hevar statusen vår, ein idrettshøgskule nummer to etter Norges idrettshøgskule, seier han til Sogn Avis, etter at det er klart at forskingsrådet har innvilga 17,5 millionar kroner til eit forskingsprosjekt.

Høgskulen i Sogn og Fjordane vert verdsleiande. Dekan Rasmus Stokke

Det er Geir Kåre «GK» Resaland som frontar forskingsprosjektet, som skal sjå på samanhengen mellom fysisk aktivitet og innsatsen i klasserommet. Sjølv voks han opp tjue meter frå barneskulen Trudvang.

No skal det jo forskast før skinnet kan seljast, og det er vel heller ikkje slik at sogndølene er aleine om forsking her til lands: Forskingsrådet har i 2012 eit budsjett på 7 433 millionar kroner.

– Høgskulen vann the losers lottery på sommarfesten vår i år, der me deler ut det overskytande lommerusket til søkjaren med flottast søknad. Dei leverte ein lekker sak på glansa papir, og det imponerte skikkeleg, seier Per-Olaf Åsstrand.

Me møter han tilfeldig på ein kafé i Oslo, og han hevdar han er presseansvarleg for det statlege rådet for midlar til forsking. Me trur ikkje heilt på han, men han held fram:

– Og det er klart me også har litt sympati for denne raudhåra karen som har levd oppveksten sin i det hardt belasta fjøramiljøet i Sogndal. Ei fjør i hatten til fjøraguten. Hehe …

– Om dei er verdsleiande? Nei det veit eg ikkje, men papiret i søknaden var flott.

– Er du verkeleg presseansvarleg i forskingsrådet?

– Neidå, eg er t-baneførar i Ruter … Jasså? Det stemmer at han er raudhåra og vandra barndomsåra sine i Sogndalsfjøra? Eg tok ein sjans.

Og no lustranytt:

«Veitastrond kan vera historie,» skreiv Sogn Avis, og strendingane fekk kaffien i vrangstrupen. «Kva no? Skal me tvangsflyttast til Indre Hafslo?»

comments powered by Disqus