Kioskveltarfabrikken
i Førde

I går synte Facebook seg fram som ei glimrande kjelde for grundig og undersøkjande journalistikk: NRK Sogn og Fjordane hadde oppslaget om karen som hadde kjøpt presang til kona.

Skjermdump frå NRK Sogn og Fjordane 18.10.2012.

Skjermdump frå NRK Sogn og Fjordane 18.10.2012.

På redaksjonsmøtet i Førde i dag tidleg vart det lansert ein ny kioskveltar. Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen var ivrig, men profesjonelt skeptisk:

– Om det du seier held vatn, Stian – ja, då har me ei ny kjempesak! Men her må alle kjelder sjekkast og dobbeltsjekkast. Tenk Redford og Hoffman i «Alle presidentens menn».

– Eg har det her, svart på kvitt – skrive ut frå Facebook, eg siterer: _«Maybe we should get the band back together again?» Og dette er frå same karen som gav kona presang. Han spelte bass i dette bandet. _

– Sa han verkeleg det? Har du funne ut kva dette tyder?

– Eg har sendt teksten til førsteamanuensis i engelsk på høgskulen, Bjørn Sørheim, og han seier det tyder «Kanskje me skulle få bandet samla att?» Og bandet i denne konteksten er Booby Trap, eit jazzband i Sogndal, som fram mot midten av 90-talet heldt nokre svært solide konsertar her i fylket.

– Meinte han alvor med denne utsegna, trur du?

– Tja, det er vanskeleg å seie, men det er jo ei kjempesak uansett.

– Har du noko meir bakgrunnsinfo om bandet?

– Om bandet er det ikkje så mykje å hente. Eg har berre funne to avisoppslag. Eitt i Sogn Dagblad med eit litt pussig bilete. Og så ei konsertmelding i avisa Røynda med tittelen «Nesten Mezzoforte,» som jo tyder på at det må ha vore eit svært bra band.

– Eg tok ein liten ringerunde rundt til nokre av bandmedlemene i går ettermiddag, men der var det heller ikkje mykje å hente. Keyboardisten svarte etter nokre minuttar, men han verka trøytt … Skal me sjå, eg har det på blokka mi. Her ja, han svarte «Øøh? … Kor mykje er klokka?» «Klokka er tre; på ettermiddagen.» «Åhh! Bra, eg trudde eg hadde forsove meg.»

– Gitaristen, han Dobro-Kvåle, var heller ikkje særleg lysten på å rippe opp i denne fortida. På 90-talet spelte han mest el-gitar, ja jamvel synthgitar. Saksofonisten har eg ikkje prata med, men om han held nivået til den eldre broren, er han vel ikkje særleg musikalsk.

– Bassisten får eg heller ikkje i tale. Eg trur han er litt mediesky.

– Og kven som spelte trommesett i bandet har eg ikkje fått spikra. Det står mellom to, og dei skal begge bu i Florø. Eg ringde dei begge i går, men samtalane vart kortfatta. Trommesettkandidat nummer 1: «Høyr no meg her, no har eg vore røykefri i 8 månader, 2 veker og 1 dag, og då må ikkje du koma her og koma her.» Og trommesettkandidat nummer to: «Hey, mister!» Han sa berre det, før han la på.

– Bra research, Stian. Denne saka har potensiale! Mulig comeback frå band med mystisk omdømme! Eg vil ha heile redaksjonen på denne saka, om me så må ha byline over to eller tre linjer i nettsaka! Om så stortingsrepresentant Tor Bremer skulle sleppe ein fis på direktesendt fjernsyn: Denne saka har førsteprioritet.

– Eller, om stortingsrepresentant Tor Bremer verkeleg skulle sleppe ein fis på direktesendt fjernsyn, ja då må me sjølvsagt revurdere ressursbruken. Det seier seg sjølv.

comments powered by Disqus