«Eg fekk ingenting!»

– Eg fekk ingenting av mannen min på gebursdagen min tysdag, seier kvinna fortvila.

Ho las den rørande historia om karen som gav ein helikoptertur til kona.

– Eg har høgdeskrekk, så ein slik presang er ikkje noko for meg. Men eit spa-opphald i Firenze, noko lite. Det er tanken, sant?!

–  Så då  måte eg kjøpe denne saueskinnsvesten til meg sjølv. Sjå!

– Så då måte eg kjøpe denne saueskinnsvesten til meg sjølv. Sjå!

Ho medgir at ektemannen er flink med presangar i det daglege. Seinast forrige laurdag fekk ho eit par flotte diamantøyredobbar.

– Og då er det synd at han dreg alt ned i søla ved å gløyme den mest viktige dagen. Det var ikkje dette eg såg for meg då me stod for presten. Han sa ikkje «til døden skil dykk åt, men det er ikkje så nøye med gebursdagane,» sant?!

–  Så då  måte eg kjøpe denne saueskinnsvesten til meg sjølv. Sjå! seier ho og snur ryggen til fotografen.

comments powered by Disqus