«Osebergskipet» overtek ekspressbåtruta

Norled har beslutta at «Osebergskipet» skal ta over for «MS Njord» på ekspressbåtruta frå Bergen til Sogndal frå vetle julaftan.

Osebergskipet.

Osebergskipet.

Båten som i dag går på ruta skal inn i Vikingskipet på Bygdøy i Oslo.

Me møter styreleiaren i Norled, som driftar begge rutene, tilfeldig på ein bar i Oslo. Eller, han hevdar han er styreleiar i reiarlaget. Han presenterer seg som Barca Veloce.

– På austlandet er det eit krav om at båtane ikkje skal vere eldre enn 500 år, på vestlandsrutene er det ikkje det, seier  Veloce.

Det har denne veka kome sterke reaksjonar mot Fjord1 sitt annonserte byte av båtar mellom Sognefjorden og Florabassenget.

– Nei, det er ikkje slik at me gjer dette for å vise at me er endå flinkare til å irritere kundane våre enn konkurrenten.

I det nytrykte ruteheftet står berre avgangstid. Kor lang tid det tek veit enn først etter første segling.

– Det finst dokumentasjon på at vikingane gjorde denne turen på mellom 60 og 70 timar, seier Judith Jesch, professor i Viking-historie ved universitetet i Nottingham.

Det betyr at dei som tek avgangen frå Strandkaien i Bergen klokka 16.30 vetle julaftan kan rekne med å vere på plass i Sogndal tidlegast seint om kvelden første juledag. Norled har også fått kritikk for å setje inn ein båt med redusert komfort. «Osebergskipet» har ikkje overbygg, og vantar både kiosksal og underhaldning.

– Og eg trur ikkje at «Osebergskipet» vil flyte i dag, seier professor Jesch.

Dette avviser karen som hevdar han er styreleiaren.

– Dette er arrogant og historielaust. Vikingane er godt kjende for båtbyggarkunsten. Det er ingen grunn til å tru at dette tilbodet skal bli noko dårlegare, snarare tvert i mot. Og ikkje reint  lite eksotisk.

Me vert avbrotne av ein kar som sit på ein barstol bak oss. Han presenterer seg som Ted Johnny Husabø Jr, informasjonssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Me har ein kontrakt med Norled der det står at standard og komfortnivå skal opp på minst same nivå som i dag, seier han.

_ – Men det hjelper vel lite kva som står i kontrakten om skipet søkk?_

DET STÅR I KONTRAKTEN! Svart på kvitt, høyrer du?! Du må gjerne ringe til fylkesmannen for ein kommentar, men ikkje akkurat no, for no er ho oppteken med å pakke inn presangen til mannen, boka 100 000 toppturar du må ta før du fyller 50.

Gunvor Gafla bur i Strandgaten i Bergen. Ho har alltid tykt det har vore praktisk og behageleg å ta ekspressbåten til Sogn. Ho hadde planar om å ta seg til Sogndal sjøvegen tredje juledag, men no er ho usikker. Ho er van med reiser på øvre dekk gjennom hennar yrkesliv i kvite- og brunevarebransjen.

– Eg har allereie kjøpt billett, men det gjorde eg før eg visste dette. No vart eg i tvil. Ikkje har eg bil lenger, heller. Eg får vel berre bite tennene saman, ta på meg oljehyra og mønstre på. Nevøen min har sagt han skal hente meg på Dampskipskaien. Eg må minne han på å skru varmeapparatet i bilen på full guffe, for dette kan bli ei kaldgufsen oppleving.

Me ynskjer bergensdama lukke til.

Eg får avslutte der og ynskje alle ei god jul!

Éin ting til: Det er eit par tenåringar i familien eg skulle ha kjøpt noko fint til til jul. No har eg høyrt at den siste moten blant dei unge i dag er å ynskje seg billege presangar, at det helst ikkje skal koste meir enn 100 kroner. Kan dette stemme? Eg var no førebudd på å bruke monaleg mykje meir, men dei skal få det som dei vil …

brevduer

Ja, og endå éin siste ting: Det var ein NRK-tilsett som posta biletet til høgre på Facebook for nokre dagar sidan. Han la til ein kommentar om at han kunne sakne tidlegare tiders meir saktegåande teknologi. Eg fekk ikkje med meg namnet på denne NRK-karen, men reknar med at han er av dei som sit i kjellaren på Marienlyst med dimmelenke til pensjonistdatoen, ei lenke med svært få kuler igjen.

comments powered by Disqus