Og slik går no vekene…

Eli Grotle er redaksjonssjef i Sogn Avis. Der har ho ei spalte der ho skriv om det Jerry Seinfeld gjorde stor humor av: Ingenting!

Vekeblikk heiter spalta. Men held ho Seinfeld-nivå?

I faksimilen vedlagt skriv ho om kvardagslege ting som ei kvinne med ei røv i vekst – og med ting som sig ned og ut – slit med.

Ho er til frisøren, til tannlegen og til fastlegen. Dette er handverkarane for kvinner med røv i vekst. Ho lovar seg sjølv og truleg også andre kvinner med røv i vekst bot og betring, men tykkjer det er keisamt å stå tre minuttar i dusjen med ein hårkur, og tannpirkarar tykkjer ho er eit forferdeleg tiltak. Fastlegen nemner ho berre slik i forbifarten, men samanliknar det med ein EU-kontroll for bilar.

Men ho er forfengeleg, ho har lyst på fint hår og fine tenner.

Så slik heilt på tampen kjem ho med svaret, rådet til alle andre kvinner som slit med ei røv i vekst:

Det løyser berre problemet delvis, men likevel: Ta hårkuren i dusjen og bruk dei tre minuttane på eigagransking. Kanskje, skriv ho, skal ein også ta med tannpirkaren i dusjen, men det blir vel for mykje av det gode.

Mykje å lære for kvinner med røv i vekst av redaksjonssjefen i Sogn Avis. Berre å følgje med neste veke!

comments powered by Disqus