Magnus sjakkmeister, Magnus konge

Magnus er meisteren av sjakkbrettet. «Magnus» er også eit latinsk adjektiv for «stor».

Fredag 22. november 2013 er dagen Magnus Carlsen vann verdsmeistarskapen i sjakk. Ein monsterprestasjon – og halve Noreg sat klistra til TV- eller PC-skjermen medan det skjedde.

Dette er stort. Foreldra til Carlsen var framsynte då dei døypte guten.

Kongane

Magnus Carlsen i Tata Steel-turneringa i 2013. Foto: Frans Peeters.

Magnus Carlsen i Tata Steel-turneringa i 2013. Foto: Frans Peeters.

Sjakkspelaren Magnus Carlsen har truga mange kongar. Før han har mange kongar delt hans namn:

Sju norske kongar har i følgje Wikipedia på nynorsk hatt «Magnus» som fyrste namn:

  • Kong Magnus I (Olavsson) den gode, konge (1035–1047)

  • Kong Magnus II Haraldsson, konge (1066–1069)

  • Kong Magnus III (Olavsson) Berrføtt, konge (1093–1103)

  • Kong Magnus IV (Sigurdsson) Blinde, konge (1130–1135)

  • Kong Magnus V Erlingsson, konge (1161–1184)

  • Kong Magnus VI (Håkonsson) Lagabøte, konge (1263–1280)

  • Kong Magnus Eriksson (Magnus VII), konge (1319–1355)

Ungane

Historisk utvikling av bruken av namnet Magnus i Noreg. Kjelde: SSB.

Historisk utvikling av bruken av namnet Magnus i Noreg. Kjelde: SSB.

I følgje Statistisk Sentralbyrå er det i dag 14 994 personar som har Magnus som fyrste fornamn, 12 877 som éinaste fornamn og 347 som etternamn.

comments powered by Disqus