Kvar hentar Ryanair inntektene sine?

Jomfruturen min med flyselskapet Ryanair fekk ein kronglete start, men enda vel ikkje så aller verst.

Men eg forstår ikkje kvar dei hentar inntektene sine frå.

Eg skulle til Krakow i Polen for å jobbe nokre dagar, og dit har det irske selskapet éi av få direkteruter frå hovudstadsområdet.

No var det rett nok eit sant mareritt å få bestilt seg billettar på nettet. Åtte gonger var eg gjennom den same flyten – og der gjeld det å halde tunga rett i munnen for å ikkje ende opp med reiseforsikringar og leigebilar – 16 gonger tasta eg inn betalingsinformasjonen, vekselvis mellom to pengetunge betalingskort. «Betalingsfeil.»

Eit nettsøk fortel meg at eg ikkje er aleine.

No fekk eg bestilt til slutt (bytte nettlesar, frå Firefox til Chrome) og kom meg avgarde. Flyet var éin time forseinka, ja vel (avising, Krakow). Og billettane var nærast gratis.

Rygge lufthavn ein tysdag ettermiddag.

Rygge lufthavn ein tysdag ettermiddag.

Men denne tysdag ettermiddagen var Rygge lufthamn nærast folketom, kassadama i den skattefrie butikken jubla for kvar streifkunde. Og passasjerane var nokre polske flisleggarar – og meg.

Og då skal dei trivelege flyvertinnene selje bra med peanøtter og pils for at dette skal gå i pluss.

Men dette har vel toppsjef Michael O’Leary rekna seg fram til.

comments powered by Disqus