Praha er ein vakker by

Om eg er i tvil, tek eg til venstre. Slik også i storbyar som Praha, dit eit jetfly fraktar meg.

Eg har dårleg stadsans. Men eg har gode sko. Og denne kombinasjonen fungerer fint i denne vakre, gamle tsjekkiske perla av ein by. Komponisten Antonín Dvořák gjekk på orgelskulen her.

Karlsbrua (2014)

Karlsbrua (2014)

Eg går. Langt. Lenge. Eldre Skoda-modellar fyller parkeringsplassane.

Det er lenge sidan Franz Kafka trava uroleg rundt i desse strøka, men eg får kjensla av noko svært gamalt, noko opphavleg. Eg prøver å gløyme å ha lese at alle statuane på Karlsbrua no er skifta ut med kopiar.

Eg er på veg opp bakken for å sjå det svære slottet, men tek sjølvsagt til venstre og endar opp i kloster. Som er interessant nok, med eit flott bibliotek, men då eg kjem meg derifrå er føtne mine så mørbanka at eg heller traskar heimover.

Philosophical Hall (Strahov Monastery) (2014)

Philosophical Hall (Strahov Monastery) (2014)

Eg prøver å avstå frå å ta for mykje til venstre på veg attende gjennom byen, mot hotellet. Det går ikkje heilt etter planen, og i eit kjøpesenter utanfor allfarveg sig eg sliten ned i ein massasjestol, puttar på koruna til 20 minuttar, og dreg motvillig fram kartet. Der ser eg at det ikkje er heilt krise.

Gatemusikantar i Praha (2014)

Gatemusikantar i Praha (2014)

På hotellet møter badekaret, med glødande vatn, eit par slitne bein.

Og så ut på byen, ned i ein mørk kjellar fri for røykelover, til ei iskald Pilsner Urquell. Til 13 norske kroner.

Og så litt søvn.

For så ein slags reprise søndagen. Men denne dagen tek eg vilkårleg brått venstre og held meg på den stien. Lenge. Til eg forstår at held eg fram no, må eg ha pass for å kome meg attende. Så eg snur til høgre, over elva, så på ny til høgre. Teorien er at eg då vil eg nærme meg ein kjend breiddegrad.

Og der var hotellet, nærast utan omvegar. Varmt bad. Eit par kalde Urquell.

Praha er mellom dei aller finaste byane å ta ei langhelg i.

Reisetips 1: Ta det med ro, det er mykje å sjå, men nokre timar er det fint å berre sjå folkelivet drive forbi frå ein kafé eller pub. Og i pilsens hovudstad serverer dei Urquell overalt.

Reisetips 2: Praha har ein svært godt utbygd kollektivtransport, med både trikk og T-bane. Men dette er ikkje særleg slankande …

comments powered by Disqus