Som Grisham, men betre

Jaktar du bassenglektyre til ferien? Prøv Mark Gimenez. Han vert ofte samanlikna med John Grisham, men Gimenez er endå betre.

Bøkene hans har handlinga lagt til Texas i USA, har juristar i hovudrollane og USA-amerikansk fotball er ofte eit sentralt tema. Texas er eit område av verda me ikkje høyrer så mykje frå lenger, etter at indianar- og cowboy-filmane gjekk av moten og tv-serien Dallas la inn årene.

Det er lett å sjå Mark Gimenez sin kjærleik til dette oljerike landskapet, han skildrar det svært godt. No kan han kanskje kritiserast for å vere litt sentimental av seg – bøkene er ikkje noko for deg om du ikkje likar ei tåre i augekroken – men latteren er heller aldri langt unna.

Gimenez har i skrivande stund åtte bøker på marknaden. No har eg ikkje lese alle (men kjenner eg meg rett går det ikkje lang tid, slik er det når eg finn meg ein ny favoritt), men det ser ut som det er heilt greitt å lese desse bøkene i vilkårleg rekkefølgje.

Men start likevel med den aller første: The Color of Law er ein strålande litterær hyllest til den store, amerikanske jus-romanen To Kill a Mockingbird.

Romanane i kronologisk rekkefølgje:

  1. The Color of Law (2005)
  2. The Abduction (eller Saving Grace) (2007)
  3. The Perk (2008)
  4. The Common Lawyer (2009)
  5. Accused (2010)
  6. Con Law: John Bookman 1 (2013)
  7. The Governor’s Wife (2013)
  8. The case against William (2014)
comments powered by Disqus