Der eg vandrar i Oslo sine gater med eit fotoapparat

Eg ser gjennom fotoarkivet mitt, lettare overraska merkar eg at det sentrale motivet er «gater og bygningar i Oslo.»

No er vel ikkje arkitekturen i Oslo særleg interessant, men han er der – som motiv er gatene og bygningane lett tilgjengelege.

Oslo Børs (2012)

Oslo Børs (2012)

Eg ser eg har posta bilete frå Oslo her også tidlegare.

Nederst i dette innlegget kan du sjå nokre nyare bilete, frå dei par siste åra.

Mange av dei lastar eg opp på WikiMedia Commons med ein fri lisens, dei eg meiner kan brukast som illustrasjonar på Wikipedia eller liknande – men mest er dei der som ein hobby, ein hobby for meg.

Eg har sikkert knipsa fleire hundre tusen bilete opp gjennom åra, frå tida med analogt utstyr – då alle dongeribuksene vart øydelagde av kjemikaliane på mørkerommet – og inn i den digitale tidsalderen.

Eg minnest det aller første digitalkameraet frå Apple. Dette var også det første digitalkameraet eg brukte til noko fornuftig, men du, lesaren, vil sikkert bite deg fast i eplet. Dette var tidleg 90-tal og eg minnest oppløysinga var så dårleg at motiva kunne skimtast i ein skoddeheim av støy. «Digitalt vil aldri erstatte analogt!» sa mange skråsikre fotografar. Den gong då. Den éine tingen eg saknar er måtehaldet som kom av å berre ha 24 bilete på ein rull. I dag er alle pressefotografar. Kanskje er det ein marknad for minnekort med plass til berre 24 bilete?

Framleis er mørkerommet – no digitalt – viktig, og kanskje vel så moro som det å trykke på utløysarknappen; å sjå bileta forme seg på skjermen frå noko du er godt nøgd med til noko heilt éineståande.

Slik ser eg i alle fall sjølv på prosessen og resultatet. Som fotograf, mørkeromsjef og kritikar er slikt lov. Då blir det ein hobby der resultatet som regel står til terningkast seks.

I foto-kategorien er det fleire bilete å sjå.

comments powered by Disqus