Pilstumlingane druknar i svære bergensarnevar

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Dei druknar i dei svære nevane til sjøulkane og fotballpatriotane i Bergen, dei små pilsglasa frå Hansa.

Pilsglasa rommar fire desiliter. Desse glasa såg ein først på uterestaurantane på Aker Brygge i Oslo – slik kunne dei skru halvliterprisen opp mot hundrelappen utan at folk merka det.

I Bergen er det nesten like dyrt, og dei er der, overalt. Større glas er ikkje å oppdrive.

Og det ser veldig rart ut.

Der sit dei, fulltatoverte i Branndraktene sine på Fotballpuben, dei svinsar tumlingen i takt med Nystemten. For stamgjestene på Vaagen Pub på Strandkaien er stoda den same. Dei drikk fordi dei må, lett og fort. Men dei rynkar på nasen.

Detta e jo berre éeeen slurk, de jo. skuffa og tørst bergensar

Og no seier sikkert bergensaren i deg at «det er jo ingen som drikker øl i sentrum; alle vet da at alle de kule pubbene finnes ute ved Danmarks plass!»

Dette kan godt vere. Men ikkje alle er eventyrarar.

Kvar er petitane?

No er det nokre år sidan eg var i Bergen sist. Det meste ser ut til å vere ved det same, men pilsglasa har altså krympa.

Dette må bergensavisene ha skrive sider opp og ned om, tenkjer eg; dette må petit-ekspertar som Finn Tokvam ha gripe tak i. Bergens Tidende. Bergensavisen.

Lille Lungegårdsvannet i Bergen.

Lille Lungegårdsvannet i Bergen.

Men dette ser det ikkje ut som avisene eller syklistane rundt vatnet i Bergen sentrum er særleg opptekne av. Nokre enkle Google-søk gir meg ingen treff. Desse glasa ser ut til å ha smygd seg inn i det stille – og «stille og Bergen» høyrest ikkje rett ut.

Konspirasjon

«Gi meg ei pils!» betyr i Bergen ei Hansa pilsner. Austaføre betyr dette oftast eit tilsvarande produkt frå Ringnes. Og her treng ein vel ikkje vere rare konspirasjonsteoretikaren for å meine at det er bryggeriet Hansa som står bak denne glaskrympinga. Sikkert for å tene meir pengar, kanskje også eit forsøk på å tre litt måtehald ned over øyrene på bergenserane.

Måtehaldne bergensarar som stille let seg diktere. Det heng ikkje på ei greip.

comments powered by Disqus