Telenor til dame (72):
«Det er berre å trekke ut ein leidning»

Telenor sel breidbandsoppgraderingar til eldre med lovnad om at «det installerer seg sjølv.»

Det gjer det sjølvsagt ikkje.

Biletet over er av det som vart bytt ut. No skal det seiast til Telenor sitt skjøre forsvar at noko av det som vart fjerna er gamalt rask frå fasttelefonien si tid.

Mor mi hadde eit breidbandsabonnement frå Telenor som ikkje finst lenger. No kunne ein kanskje ha forventa at Telenor kunne oppgradert til det nyare og litt raskare abonnementet i det stille, men dei ville ha 10 kroner meir i månaden – og seljaren sa at modemet måtte skiftast ut.

«Her er det enkle, nye passordet ditt!»

«Her er det enkle, nye passordet ditt!»

Men å seie at denne oppgraderinga er å trekke ut og stikke ut inn ein leidning er vel å ta mildt i:

  • Nytt breidbandsmodem må koplast til, med straum, ASDL-kabel og dei faste nettverkskablane.
  • For å konfigurere modemet må ein først logge seg på med den kryptiske nettverksnøkkelen på heile 13 teikn – limt på undersida av modemet.
  • No tastar ein inn nettverksadressa «10.0.0.138/start»
  • Her kan ein trykke seg vidare til «Min Side» der ein kan logge seg på med eit brukarnamn ein kan få tilsendt på SMS og med eit passord ein kan få tilsendt i ein annan SMS.
  • Trykker ein seg deretter vidare vil ein, om ein leitar hardt og lenge, finne fram til innstillingane der ein kan endre på nettverksnøkkel og SSID.
  • Det ville vore flott om ein kunne ha endra desse verdiane til slik det var før, slik at mor mi kunne sleppe å endre på alle nettverksapparata sine, men det ville vore for enkelt, Telenor.
  • Nei, nettverksnøkkelen «1234554321» er ikkje lenger sikker nok for Telenor, og Telenor insisterer på å legge til suffikset «-5GHz» til SSIDen ein ynskjer å bruke.
  • Men etter å ha oppdatert innstillingane på PCen, iPhonen og iPaden hennar – så er ho endeleg på nett att.

«Det er berre å trekke ut ein leidning,» sa seljaren frå Telenor.

Ein epilog: I dag fekk mor mi eit brev frå Telenor der det står: «Har du allerede Zyxel 2812 … behøver du ikke foreta deg noe …» Du gissar korrekt, ho hadde ein Zyxel 2812.

comments powered by Disqus