Olav Stedje,
Ragnar Hovland
og meg

Ragnar Hovland og Olav Stedje møttest gjennom min tabloide avisartikkel.

Dette les eg av ei av Ragnar Hovland sine tankerekkjer i ei avis austaføre.

Han peiker på ein artikkel skriven av undterteikna. Eg var i tjueåra og både stor fan av Ragnar Hovland (Sveve over vatna og alle dei glimrande essaya) og i slekt med Olav Stedje.

Eg er framleis stor fan av Hovland og i slekt med Stedje, men dette var tida eg var tabloidkongen på Hanehaug.

Faksimile frå Dag Og Tid 14.06.2013.

Faksimile frå Dag Og Tid 14.06.2013.

Det var Gunnar Stedje som tipsa meg. Han er endå nærare i slekt med Olav Stedje enn det eg er, og kunne ikkje skrive noko om denne særleg delikate saka sjølv.

Om me no oppsummerer; Gunnar fortalde meg at han Ragnar Hovland hadde skrive at «han og Sogndals-bandet Compact, med Olav Stedje, hadde røykt narkotika på eit bakrom på Solhov i Sogndal.» Slike usanne påstandar skulle Olav Stedje ha vore svært kritisk til.

I ettertid er det lett å føyse dette unna som reint oppspinn frå Ragnar Hovland si side. Dette skjedde aldri i det verkelege. Denne setninga var lagt inn for å gi teksten liv.

Eg fekk ikkje tak i verken Olav Stedje eller Ragnar Hovland på telefon.

Og der skulle ein tru at avissaka stogga.

Nei, andrehåndskjelder gjorde ho til ei framsidesak:

Eg prata med forlaget, som meinte dette var eit vanleg litterært grep. Og Compact-gitarist Jan Rolv Loftesnes på Loftet var alltid på fasttelefonen, og han meinte at «jau, dette likte nok ikkje han Olav særleg godt, nei!»

Hovland var i Gibraltar i høve Stedje sin 60-årsdag då han kom på denne soga:

Og denne festen i eit eksotisk partytelt ved Middelhavets blå strender gav meg eit kjærkomme høve til å minnast første gongen mine og Stedjes vegar kryssa kvarandre. Det var det herrens år 1999, og det galdt eit førstesideoppslag i Sogn Avis (ei avis eg elles les med glede kvar sommar). Her blei det i si tid kjende Sogndals-bandet Compact skulda for å ha røykt narkotika på eit visst bakrom, og den som skulle ha sett fram påstandane var visstnok underteikna. Og Olav Stedje blei tvinga ut i avisa for å kommentere (og så vidt eg hugsar dementere saka).Ragnar Hovland, Dag Og Tid 14.06.2013

comments powered by Disqus