Ingebjørg Bratland er ei ung Alison Krauss

Ingebjørg Bratland sin julekonsert på rikskringkastinga sin hovudkanal vetle julaftan fekk tankane til å vandra mot den amerikanske bluegrass-legenda Alison Krauss.

Det er tjue år mellom dei i alder, men den rett fram klokkeklåre stemma er eitt av fleire felles trekk.

Alison Krauss (2007) (PD)

Alison Krauss (2007) (PD)

Ingebjørg Harman Bratland (f. 1990) er ein norsk folkemusikar, kvedar og songar. Alison Krauss (f. 1971) er ein amerikansk bluegrass-songar og -felespelar. Ho er kvinneleg rekordhaldar i talet på Grammyprisar.

I videoen under kan du sjå Bratland og bandet hennar framføra julesongen Klokkene kallar i NRK-programmet Kvelden før kvelden.

I haust har eg vori på ein lengre turné. Ein av dei som har vori med meg er min gode ven og kollega, Andreas Utnem. Han har klimpra på ein melodi på lydprøver. Ein veldig vakker melodi, som eg tok meg sjølv i å gå og nynne på gitt, ja etterkvart som turnéen drog seg til. Så fann me no ut at «Hallo, denne melodien. Dette er jo ein julesong!»Ingebjørg Bratland

Om ein skal leita etter felles trekk mellom Alison Krauss og Ingebjørg Bratland lyt ein sjå lenger enn til at dei begge er kvinner med langt, blondt hår.

Dei har begge popularisert sitt land sin folkemusikktradisjon. No kan det vel høyrast ut som at Bratland også har lete seg inspirera av musikken frå andre sida av Atlanteren, i videoen over tydeleg i arrangement og instrumentering.

Krauss er ein strålande felespelar, og her kjem vel Bratland sine dugande gitarfingrar til kort. Men på den andre sida så er Bratland ein betre og ein meir variert songar. Dei kjem begge frå ein tilbakelent og flat vokaltradisjon. På Klokkene kallar er det slik at ein meir kjenner at dynamikken er der enn at ein høyrer han. Og Ingebjørg Bratland har kvedinga sine knekkar og krusedullar, og desse gjer det heile meir interessant.

Om Bratland kjem til å følgja Krauss si rekkje av Grammyprisar er vel heller tvilsamt, til dét er ho nok for glad i det norske språket.

Ingvar Hovland har skrive teksten til Klokkene kallar, melodien er komponert av Andreas Utnem. Det er ein strålande flott julesong, som høver godt på platespelaren no, kort tid før klokkene ringer …

God jul!

comments powered by Disqus