Drøft i veg, men
bygg ei gangbru no!

Høgskulekollegaene og innflyttarane Georg Arnestad og Anne Tibballs drøftar framtida til Sogndalsfjøra i spaltene til Sogn Avis.

Desse to har skulane og må gjerne drøfta til dei blir håse, men det er tiltak dei veit må på plass.

Sogndalsfjøra (2014)

Sogndalsfjøra (2014)

Eitt av desse er ei gangbru over elveosen til slakthuset. Eg les at kommunen vurderer å dra brua lenger opp mot bilbrua; det høyrest ikkje rett ut, men no er vel teknologien so framskriden at dei kan føra opp bruer dei seinare kan flytta.

«Det ville vore flott, særleg for dei eldre som bur borte på Sjøkanten, med ei bru dei kan smetta over for å koma seg bort i Fjøra,» sa eg til ein sogndøl her om dagen.

«Det blir ikkje i deira levetid,» sa ho.

Og det er med lett vemod eg medgir at ho kan få rett. Det er mange andre som også vil ha glede av ei slik bru. No har Øyane badeplassen, og med ei bru kan fjøragutane slengja badehandkledet over skuldrane, slentra bort og hiva seg i fjorden.

Det blir nok i deira levetid, men då er gutane gamle menn.

«Det kan høres ut som festtale-ord, men her trengs det viljestyrke og integritet,» skriv landskapsarkitekt Tibballs.

Jaudå, men her trengst også handling og ikkje altfor mange 17. mai-talar. «Det er for seint å snyta seg når nasen er vekke,» seier ordtaket – og ja, det er lov å sjå på kva dei ikkje har fått til på parkeringsplassen av ein elvebredd i Førde, men av og til er det berre å ta fram hammar og spikar.

Denne brua var nummer tre på ei topp-10-liste frå Sogndal kommune i 2008. Eg torer ikkje å tenkja på framtida til stakkaren på tiandeplassen.

comments powered by Disqus