Toccata og fuge
på Hanehaug

Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal måtte i dag forklara både hol i orgelutdanninga og dalande opplagstal.

No er ikkje mine geografikunnskaper verre enn at eg veit at det er ei stund sidan avisredaksjonen heldt til på Hanehaug, men kva gjer ein vel ikkje for ei overskrift med litt spenst i.

Opninga på J.S. Bachs Toccata og fuge i D-moll, BWV 565.

Opninga på J.S. Bachs Toccata og fuge i D-moll, BWV 565.

No har Fardal og journalistane flytta nokre hundre meter nærare Johann Sebastian Bach sine orgeltonar frå Stedje kyrkje, sikkert for å bøta litt på si eiga vankunne. Det er i eit innlegg i eiga avis – som eit svar til Arild Slinde, kantoren i Sogndal – Fardal kjem med denne ærlege utsegna:

Faksimile Sogn Avis 3. mars 2015.

Faksimile Sogn Avis 3. mars 2015.

Samstundes, i ein radio i ein sunnfjordsby, må redaktøren forklara ein nedgang i opplaget på meir enn 300 aviser.

– Det er kraftige tal, og ein smell me merkar. Me er litt i same båt som dei fleste andre avisene på vår storleik. Det er tøffe tider i avisbransjen. Men biletet er ikkje heilsvart. Me skal stoppa denne nedgangen, fortel Fardal til NRK Sogn og Fjordane.

Fardal meiner avisa lyt bli betre på det digitale om dei skal greia å snu den negative trenden.

Å gå digitalt har også vore eitt av forslaga for å få ned kostnadane til kyrkjelyden i Sogndal. Men dette heng sjølvsagt ikkje på ei greip. Bach sine orgelfuger frå eit Casio-orgel blir ikkje det same. Dette må sjølv Sogn Avis-redaktøren forstå, sjølv om han ikkje har gått orgelskulen hjå han Gunnar Stedje.

Om kyrkjeorgelet på Stedje endar opp med å koste tre, fem eller seks millionar kroner, det blir uansett dråpar samanlikna med det Sogndal kommune dreg inn i auka eigedomskatt. Nokre av desse kronene kan gå som avlat til vakre tonar.

Det var fylkesspit.

comments powered by Disqus