Han son til han
gitaristen i Tusenfryd,
han kan spela piano!

I Sogndal storband er det sønene som imponerer mest.

På storbandet sin konsert under Sognajazz laurdag var det son til gitaristen og instrumentkremmaren på Loftet, son til Hovlanden frå Lærdal som eg gjekk på Gymnaset i lag med – og son til elektrikar-Svein på Kvåle.

Sogndal storband, Sognajazz 2015.

Sogndal storband, Sognajazz 2015.

Her var også det gråe håret til Saue, Onarheim og Sandnes. Gunnar Onarheim var førsteklasses altsaksofon-solist på ein smektande ballade, og det er beint fram utruleg at det går an å få så flott lyd ut av studentmodellen til Yamaha.

Men først og fremst var det den neste generasjonen storbandmusikantar i Sogndal.

Då eg sette med ned i saksofonrekkja i dette bandet for, kremt, nokre år sidan, delte eg andrealtsaksofon-stemma med Geir Øystein «Giggen» Lysne. Eg spelte andre andrestemme. Når eg fortel denne historia til musikantar austaføre seier dei «jøss, er det sant!?» Og då er det ikkje det at også eg ein gong har spelt andrestemma dei hevar augebryna over, men at også Lysne har gjort det. Lysne er éin av mange frå Sogndal storband som har gjort det skarpt i musikklivet.

Laurdag leverte Sogndal storband to varierte sett. Det var ikkje alt som sat som ein spikar, enkelte av låtane høyrdest jamvel litt for vanskelege ut. Som Dizzy Gillespie sin «Manteca», som det kunne høyrast ut som vart framført i same arrangement som GRP-bandet har gjort så strålande før dei. Her hadde kompet øvt, medan blåserekkene sleit med å hengja med. Svein Ølnes er ein flink trompetar, men han er ingen Arturo Sandoval, for å seia det slik.

Det enkle er ofte det beste, og Sogndal storband er best i det tradisjonelle storbandlandskapet. Oddrun Ugulsvik Myklebust er ein god vokalist, og saman framførte dei ein variert konsert med behageleg og god lyd.

comments powered by Disqus