Frida Amundsen har øyre for gode melodiar

Frida Amundsen frå Vaksdal si plate «What You Asked For» er popmusikk på svært høgt nivå.

Korleis har ho fått til dette?

For her kjem éine radioperla etter den andre – mine favorittar er «Told You So» (sjå video) og «Another Piece». No veit eg ikkje om Amundsen skriv låtane sine sjølv, men eg vel å tru det.

Denne plata har den siste veka gått i runddans i øyrene mine – og eg har spurt meg sjølv: Korleis har Amundsen fått til dette? Eg trur svaret er at ho ikkje jagar etter dei fullt ut originale popfrasane.

I jazzmusikken kallar dei frasar for licks, og også her er det heilt greitt å henta inspirasjon frå andre. No finst det døme på fullt ut originale artistar også her, men for å forstå og setja pris på saksofonistar som Charlie Parker og John Coltrane lyt ein bruka tid.

I popmusikken har ein 3 minutt og 40 sekund på NRK P1 på å gjera jobben.

Sit ein lenge nok og klimprar og nynnar for seg sjølv, vil ein etterkvart koma fram til ein melodi med fraseringar ein ikkje har høyrt før. Dette er ikkje det same som å vera fullt ut original; alle frasar i popmusikken er spelt før, og har du ikkje høyrt han før var han ikkje særleg god.

Å setja frasar ein har høyrt før inn i nye samanhengar er ikkje plagiat. I så fall hadde all nyare popmusikk vore kopi av noko gamalt. Og om ein først skal henta inspirasjon frå noko som er gjort før, kan ein liksågodt plukka frå øvste hylle.

Slik Frida Amundsen frå Vaksdal gjer det. Om ein skal setja fingeren på noko, må det vera at engelsken hennar høyrest litt som om ho kjem rett frå LIPA-skulen i Liverpool – med tjukke t-ar, r-ar og d-ar – og ikkje frå den mindre kjende IPA-skulen på Hamar …

comments powered by Disqus