Eg fekk S i rockeverkstad på ungdomsskulen!

Dei andre i bandet fekk berre M. Eg fekk S – Svært Godt.

Dei andre murra.

Eg fekk S i det vanlege musikkfaget også, med same læraren. Eg kunne biografien til dei store komponistane, eg kunne notar. Det var nok til ein S.

Men rockemusikk er eit anna fag, meinte dei. Dei meinte dette lukta ugler i mosen.

«Har du nokonsinne høyrt riffet på Smoke on the Water framført på saksofon? Og er det ikkje eigentleg jazzmusikk, i beste fall hestajazz, han Bjørn Erik lirer av seg?» fekk eg høyra, bak ryggen.

Avundsjuke.

Eg er saksofonist. Saksofon er ikkje noko utprega rocke- eller pop-instrument i dag. På den tida var det hipt. Dire Straits. Going Home. Your Latest Trick. Mel Colins, Michael Brecker. Candy Dulfer, Lily Was Here. WHAM! Careless Whisper. Slik kan ein halda fram i det uendelege.

Det var valfag i rockeverkstad. Det hadde vore tøffare med valfag i rockeband, sjølvsagt, men eit slikt fag ville vel ikkje ha fått plass i læreplanen. Fleire av mine medmusikantar frå den tida har teke med seg musikken vidare. Det er dårleg skikk å hengja ut folk på internett med namn – eg har jo akkurat sagt at dei berre rocka seg til ein M – så det skal eg ikkje gjera. Men eg kan nemna at han på gitar fekk kulturprisen i ei vestlandsbygd nyleg, og i den samanhengen sa ordføraren at «prisvinnaren er musikkens svar på Messi.»

Messi er då Lionel Messi, denne svært gode argentinske fotballspelaren. Og å blir omtala i slike ordelag er jo eit teikn på at han er vorten skikkeleg god til å spela, men som dokumentasjon i form av eit vitnemål frå ein offentleg godkjend skule har han berre M’en frå ungdomsskulen.

«Nei, no må du ta deg ein bolle, Bjørn Erik! Han har sikkert øvt tjue tusen timar meir enn deg! Klart han spelar fletta av deg og vel so det no,» høyrer eg deg seia.

Kanskje det. Men eg har vitnemål på at eg er éin betre.

Eg fekk S. Dei andre fekk M.

comments powered by Disqus