Olav Stedje sluttar å syngja om damer

– Det var ho Aslaug frampå Uglum som gjorde meg merksam på dette i pausen på ei speling på pubben 16. mai. Og er det slik at dei tek seg nær av det, ja då skal eg slutta å syngja desse songane, seier Olav Stedje.

Slektsvåpenet til Stedje-slekti.

Slektsvåpenet til Stedje-slekti.

Denne veka vart det klart at det populære orkesteret Hellbillies no skal slutta å framføra den populære songen «Ein neger på Ål stasjon», fordi ordet neger har fått ei meir belastande tyding no enn då songen vart skriven.

Sogndølen Olav Stedje har eit rimeleg uskuldig repertoar, ei lang perlerekke med velklingande allsongar. Ingen har hatt noko å utsetja på denne sympatiske vestlendingen. Det var før ho Aslaug i Sogndalsdalen byrja å sjå på låttitlane.

– Eg skreiv særoppgåve om han Olav på ungdomsskulen. Og då beit eg meg merke i at mange av melodiane hans handla om jenter, men alle desse jentene hadde eit namn med forbokstav mot slutten av alfabetet. Slikt kjennest ikkje særleg godt for oss Aslaugar og Beritar, fortel Aslaug.

«Rosanna» (Tredje Stedje, 1982), «Siv» (Heime igjen, 1977), «Silje» (Silje, 1984), «Ulla frå Ulsteinvik» (Eg kjem likevel, 1987), «Rocka budeie» (Ikkje utan deg, 2010).

Aslaug seier ho ikkje trur Olav Stedje har fordommar mot jenter med namn frå den tidlege ABCen.

– Dette var nok ikkje noko tema på den tida desse songane blei til. Men i dag er me jo skjøre som porselen, sant. Og det er jo lov å lura, sant, når ein ser at den éinaste duetten Olav har spelt inn på plate er med Randi Hansen. Randi med R! Det er lov å lura då, sant!

Og det var fylkesspit.

comments powered by Disqus