Norled si frekke nådegave

At Bergensbåten stenger fjordutsynet frå kaipuben i Sogndal frå tidleg laurdag kveld og heile søndagen tek ikkje nattesøvnen frå regionsjef for hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå.

No går det ikkje fram av artikkelen i Sogn Avis, «Pubdrift går ut over Norleds nattesøvn», kven som har skrive klagebrevet frå Norled. Men for å gjera det enkelt adresserer me denne til regionsjef Søndenå.

Kaipuben i Sogndal ein søndag sommaren 2015.

Kaipuben i Sogndal ein søndag sommaren 2015.

«Skulle bare … Ikke hatt den båten der.»Gjest kaipuben.

Norled ville framstått som eit raust og romsleg selskap om du, Søndenå, heller hadde sagt noko slik som:

«Frå laurdag kveld og ut søndagen har me full forståelse for at pubgjestene ynskjer å nyta fjordutsynet og ei kald pils. Våre båtførarar kan sova heile søndagen, så kviletida er ikkje noko problem. Og me kan kasta loss midtfjords desse dagane, slik at me ikkje sperrar utsynet! Klart me kan vera litt romslege!»

«Den båten tek litt av utsikten, kan du sei.»Gjest kaipuben

comments powered by Disqus