Dansa til krigsnyhende

Dei kunne nok ynskt seg finare dansemusikk, jostedølene som dansa til nyhendemeldinga om krigsutbrotet. Mange reagerte på teksten i sangen «En godt stekt pizza» av Staysman & Lazz, framført under opningskonserten i årets Norway Cup.

Rah-rah alle mann, ta med deg blandevann
Og drekk deg til møkkamann
Syng rah-rah alle mann, ta med deg blandevann
Og drekk deg til møkkamannRefrenget i «En godt stekt pizza»

Svært upassande, sjølvsagt – men ein har ikkje gjort eit journalistisk godt handverk om ein ikkje set dette inn ein historisk samanheng:

Andre orkester har spelt upassande dansemusikk før.

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Men dette var ikkje i tankane til dei to trubadurane frå Sogndal då dei pakka instrument og høgtalarar i bilen og sette kursen mot Jostedalen denne ettermiddagen. Seinare skulle dei læra av denne fadesen, og pakking og rigging av instrument til ein dansejobb vart eit sirkusnummer med høgste presisjon.

Men først måtte dei få seg litt dyrekjøpt lærdom.

I avtalen står det at dei skal spela tre sett på 45 minuttar med 15 minuttar pause mellom. Musikarane frå Sogndal likar pausar. Dansegolvet er fullt, jostedølene swingar seg til Dire Straits sin «Walk of life». Karen bak synthesizeren klimprar den fengande melodien med høgrehanda, men held samstundes eit auge på klokka på venstrehanda – der visaren tikkar mot midnatt og kveldens siste pause.

«Me droppar siste-verset, hæ?» seier han til kompanjongen – som nikkar. Dei stoggar so brått at det skal ha gått med eit kragebein.

«Eg sa du skulle ta med CD-spelar!» seier yngstemann til eldstemann for tredje gang denne kvelden. Lett flau set han ein mikrofon framfor radioen. Det fekk halda som dansemusikk dei neste femten minuttane.

Dei to trubadurane set seg godt til rette på bakrommet. På dansegolvet er det framleis god fart. På radioen er det «Du du du, vi vi vi!» med «Terje Fjerns Orkester».

Alt er fint.

Til Dagsnytt midnatt bryt inn og fortel at det har brote ut krig i Midtausten.

Eg skriv dette og blir usikker på om det var den såkalla Golfkrigen eller Irak-krigen eit tiår seinare, men krig er uansett ein festbrems og svært dårleg dansemusikk.

comments powered by Disqus