«Mørke skyer over Fjord1»

I lokalaviser kan bildet bera saka. Om motivet er ei ferje.

Samtalen under skal vera henta frå eit redaksjonsmøte i Sogn Avis. Eller det kan vera noko eg har dikta opp.

– Jani, no har eg toppsaka til i morgon!

– Skyt, Terje, skyt!

– Okey, sjå her. Sjå på dette bildet. SJÅ på dette bildet! Ikkje den mest heftige utgåva av Playboy kan overgå denne. Dette er ferje-eros!

Mørke skyer over ferje #1

Mørke skyer over ferje #1

– To ferjer på ein fjord …

– Høyrt so øye! Du snaga ikkje ei god sak om ho hadde stilt seg opp på bardisken på Lægreid og hipsa med røvi og ropt «hei, dette er ei kjempesak!»

– Enlighten me, då!

– Okey. Dette bildet kan sjå ut som to ferjer på ein fjord, mann. Men du må sjå konteksten, mann. Sjå på skyene? Mørke, trugande skyer. Perfekt illustrasjon no som trafikktala for mai er klare! Fjord1 har gått ned med fire prosent frå toppåret 2009.

– Hmm … fire prosent høyrest ikkje mykje ut …

– Sjå på bildet då, mann! Det bildet der kan selja Munkholm til ein Saftkokar! Og sjå no, sjå på dette bildet … Perfekt til oppfølgjaren tysdag: «Dei mørke skyene sluker snart Fjord1!». Den tittelen sklir perfekt inn på to linjer på framsida. «Skyene sluker snart …» Tok du han? Bokstavrim og greier.

Mørke skyer over ferje #2

Mørke skyer over ferje #2

– OK, køyr på, men prøv å skriva om økonomi og litt mindre om hestekrefter denne gongen …

Og det var Fylkesspit!

comments powered by Disqus