Leseliste påska 2011

Påske = krimlitteratur. For meg er vel denne likninga sann med alle høgtider og årstider på venstresida, men eg har handla inn nokre knakande gode bøker som eg skal sluke under påskesoli:

Palmerevyen når snart Mount Everest

«Palmerevyen til nye høgder,» melder Sogn Avis på framsida av papirutgåva, og då veit ein at det er påske.

Déjà vu er i følgje Wikipedia på nynorsk kjensla av å ha opplevd noko tidlegare som ein i røynda opplever for første gong.

Å lage ein app for Android

Eg beit i det sure eller søte eplet her om dagen, og kjøpte meg ein Samsung Nexus S Android-telefon, og måtte teste ut kor lett/vanskeleg det var å lage min første app.

Skjermdump.

Skjermdump.

Å reise 70 mil for dette!

Eg var i Sogndal i helgi, mykje for å sjå heimestarten i tippeligaen, Sogndal skulle møte Odd-Grenland. Eg tok fly, og det er eg glad for. Det kosta, men ettersom ein kjøpmann frå Sogndal ordna ein gratisbillett til kampen (takkar, kjøpmann!), så vart det ikkje ille.

Ulrik Flo burde gjeve Sogndal 2-1-leiing mot Odd. Arkivfoto: Bjørn Erik Pedersen.

Ulrik Flo burde gjeve Sogndal 2-1-leiing mot Odd. Arkivfoto: Bjørn Erik Pedersen.

Les denne boka!

Robert Crais sin «L. A. Requiem» er i tetgruppa av alle kriminalromanane eg har lese. David Baldacci, ein annan favoritt, seier det same på bokomslaget – og eg nikkar.

Sogndal blir Sognavággi

I alle fall blir Sognavággi sidestilt med Sogndal på vegskilta ved kommunegrensene. – Det har flytta inn eit samisk ektepar i den gamle disponentbustaden i Øyane, og då er det berre rett og rimeleg at dei to språka blir jamstilte, seier ordførar Jarle Aarvoll til bepsays.