Han son til han
gitaristen i Tusenfryd,
han kan spela piano!

I Sogndal storband er det sønene som imponerer mest.

På storbandet sin konsert under Sognajazz laurdag var det son til gitaristen og instrumentkremmaren på Loftet, son til Hovlanden frå Lærdal som eg gjekk på Gymnaset i lag med – og son til elektrikar-Svein på Kvåle.

Toccata og fuge
på Hanehaug

Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal måtte i dag forklara både hol i orgelutdanninga og dalande opplagstal.

No er ikkje mine geografikunnskaper verre enn at eg veit at det er ei stund sidan avisredaksjonen heldt til på Hanehaug, men kva gjer ein vel ikkje for ei overskrift med litt spenst i.

Opninga på J.S. Bachs Toccata og fuge i D-moll, BWV 565.

Opninga på J.S. Bachs Toccata og fuge i D-moll, BWV 565.

Usikre peikarar i Go

Go, eller Golang, er programmeringsspråka sin Ferrari. Men også her finst det ein brems, og då kan du ta turen ut i usikkert terreng.

Eg skriv kan – dette er ikkje eit råd. Dette er meir eit døme på dei mange fine krinkelkrokane som finst i Go-landskapet.

Dette skal mellom anna handle om usikre peikarar, eller som det heiter på fint, unsafe pointers.

Drøft i veg, men
bygg ei gangbru no!

Høgskulekollegaene og innflyttarane Georg Arnestad og Anne Tibballs drøftar framtida til Sogndalsfjøra i spaltene til Sogn Avis.

Desse to har skulane og må gjerne drøfta til dei blir håse, men det er tiltak dei veit må på plass.

Ingebjørg Bratland er ei ung Alison Krauss

Ingebjørg Bratland sin julekonsert på rikskringkastinga sin hovudkanal vetle julaftan fekk tankane til å vandra mot den amerikanske bluegrass-legenda Alison Krauss.

Det er tjue år mellom dei i alder, men den rett fram klokkeklåre stemma er eitt av fleire felles trekk.

Olav Stedje,
Ragnar Hovland
og meg

Ragnar Hovland og Olav Stedje møttest gjennom min tabloide avisartikkel.

Dette les eg av ei av Ragnar Hovland sine tankerekkjer i ei avis austaføre.

Telenor til dame (72):
«Det er berre å trekke ut ein leidning»

Telenor sel breidbandsoppgraderingar til eldre med lovnad om at «det installerer seg sjølv.»

Det gjer det sjølvsagt ikkje.

Pilstumlingane druknar i svære bergensarnevar

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Dei druknar i dei svære nevane til sjøulkane og fotballpatriotane i Bergen, dei små pilsglasa frå Hansa.

Pilsglasa rommar fire desiliter. Desse glasa såg ein først på uterestaurantane på Aker Brygge i Oslo – slik kunne dei skru halvliterprisen opp mot hundrelappen utan at folk merka det.

I Bergen er det nesten like dyrt, og dei er der, overalt. Større glas er ikkje å oppdrive.

Og det ser veldig rart ut.

Lynrask A∕B-testing av stilsettendringar

Om tykkjer det hadde vore kjekt å bla deg gjennom ulike utsjånadsvariantar av nettstaden din med eit tastetrykk – og sjå nye endringar smyge seg inn i nettlesaren…

Då bør du lese vidare. Dette kan gjerast med enkle grep.

Der eg vandrar i Oslo sine gater med eit fotoapparat

Eg ser gjennom fotoarkivet mitt, lettare overraska merkar eg at det sentrale motivet er «gater og bygningar i Oslo.»

No er vel ikkje arkitekturen i Oslo særleg interessant, men han er der – som motiv er gatene og bygningane lett tilgjengelege.

Kunstverka over
Louis Vuitton

Tykkjer du det er for dyrt å gå inn, kan du heve blikket – og nyte veggmåleria.

Det franske motehuset Louis Vuitton har butikklokale i Akersgata i Oslo, i Skreddargården.