Soulfingers i Horten

Eg skal til Horten i morgon. Bluesbandet Soulfingers held konsert på Gamle Horten gård.

Godt spel og spelarsal gir spalteplass

Antal omtalar for Sogndal fotball i landsdekkande norske papiraviser 1981-2010. Kjelde: ATEKST.

Antal omtalar for Sogndal fotball i landsdekkande norske papiraviser 1981-2010. Kjelde: ATEKST.

Ikkje uventa ser ein at det å spele i toppserien gir monaleg betre mediedekning.

Siste innspurt for ein Taylor til IR!

Oppdatert:  Inge Ronny vann,  sjølvsagt. Redaktøren i MusikkPraksis, Rolf Graf var full av lovord då NRK Sogn og Fjordane prata med han tidlegare i dag:

Han er ein meget sjelden gitar-virtuos som har både teknisk kompetanse og ein sjeldan musikalitet i gitarspelet sitt. Dette fall juryen for, og det viser at dei som stemte på nettet gjorde det same.

I skrivande stund ser det ikkje særleg faretrugande ut for Inge Ronny Kvåle. Han er i klår leiing i gitaristtevlinga til Musikkpraksis, med nær 40 prosent av stemmene.

Kjerringar mot Strømmen

Eg veit det ikkje er særleg politisk korrekt å bruke «kjerring» som bilete på ein halvdårleg fotballspelar. Men i morgon møter Sogndal, kjerringane, Strømmen på bortebane, og eg kjenner meg som ein halvdårleg VG-journalist på leit etter plumpe overskrifter.

Mor til Rembrandt kunne gjort det skarpt på dagens Sogndal.

Mor til Rembrandt kunne gjort det skarpt på dagens Sogndal.

Gleda over ei ulest bok

Eg er ein stor tilhengjar av Michael Connelly sitt forfattarskap, men var seint ute; eg plukka opp den første boka først for eit par år sidan.  Etter det har eg vel meir eller mindre slukt dei heile, i litt tilfeldig rekkefølgje.

Våryre sauer er dårlege fotballspelarar

Eg var på Bislet her om dagen. Såg Lyn-Sogndal. 3-1-tap. Ikkje noko å seie på det resultatet, Lyn var unge, raske og villige - Sogndal var 11 våryre sauer som nett var sleppte på beite. Å treffe ballen var optimistisk. Å treffe mål: Utenkjeleg.