Pilstumlingane druknar i svære bergensarnevar

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Kafé i Bergen serverer liten pils.

Dei druknar i dei svære nevane til sjøulkane og fotballpatriotane i Bergen, dei små pilsglasa frå Hansa.

Pilsglasa rommar fire desiliter. Desse glasa såg ein først på uterestaurantane på Aker Brygge i Oslo – slik kunne dei skru halvliterprisen opp mot hundrelappen utan at folk merka det.

I Bergen er det nesten like dyrt, og dei er der, overalt. Større glas er ikkje å oppdrive.

Og det ser veldig rart ut.

Lynrask A∕B-testing av stilsettendringar

Om tykkjer det hadde vore kjekt å bla deg gjennom ulike utsjånadsvariantar av nettstaden din med eit tastetrykk – og sjå nye endringar smyge seg inn i nettlesaren…

Då bør du lese vidare. Dette kan gjerast med enkle grep.

Der eg vandrar i Oslo sine gater med eit fotoapparat

Eg ser gjennom fotoarkivet mitt, lettare overraska merkar eg at det sentrale motivet er «gater og bygningar i Oslo.»

No er vel ikkje arkitekturen i Oslo særleg interessant, men han er der – som motiv er gatene og bygningane lett tilgjengelege.

Kunstverka over
Louis Vuitton

Tykkjer du det er for dyrt å gå inn, kan du heve blikket – og nyte veggmåleria.

Det franske motehuset Louis Vuitton har butikklokale i Akersgata i Oslo, i Skreddargården.

Som Grisham, men betre

Jaktar du bassenglektyre til ferien? Prøv Mark Gimenez. Han vert ofte samanlikna med John Grisham, men Gimenez er endå betre.

Bøkene hans har handlinga lagt til Texas i USA, har juristar i hovudrollane og USA-amerikansk fotball er ofte eit sentralt tema. Texas er eit område av verda me ikkje høyrer så mykje frå lenger, etter at indianar- og cowboy-filmane gjekk av moten og tv-serien Dallas la inn årene.

Lee Childs topp 40

Om Lee Child seier ei bok er god, les eg ho. Difor les eg no Alistair MacLean, favoritten min frå då eg var litt yngre.

Lee Child er mellom mine favorittforfattarar, bøkene om Jack Reacher er berre fantastisk spenning. Og det var han som fekk meg attende på sporet av den skotske forfattaren gjennom si liste over dei 40 beste bøkene gjennom tidene._