Eg skulle ha følgt betre med i blokkfløytetimane


Blokkfløyte er eit instrument som var mykje brukt i musikkundervisninga i barneskulen på 70- og 80-talet.

Saksofonar på anabole stereoidar

Eg spelte ein konsert med Soulfingers i går kveld med to ulakka Yamaha Custom 82Z-saksofonar. Tenoren er min, alten var lånt.

Hotelleigar og toalettvaskar

«Ved fleire høve har heile turistbussar stoppa i Sogndalsfjøra på utkikk etter toalett. Tilboda i sentrum er få, og Erik Flåten har no sett seg lei av å vaska toalett seks timar dagleg,» melder Sogn Avis i ein artikkel som ikkje er illustrert med ein hotelleigar med moppen i handa.

Vassklosett med bidé og styrepanel, slik folk frå Japan ventar å finne når dei kjem til Sogn. Foto: Chris 73 (Wikimedia commons)

Vassklosett med bidé og styrepanel, slik folk frå Japan ventar å finne når dei kjem til Sogn. Foto: Chris 73 (Wikimedia commons)

Justismord av rovdyr?

Kven drap eigentleg sauene i Lærdalsfjella? Dette og andre interessante spørsmål blir stilte i leiaren i Sogn Avis, no som redaktøren er på ferie.

Ein brunbjørn i dyrehagen i Moskva (illustrasjonsfoto)

Ein brunbjørn i dyrehagen i Moskva (illustrasjonsfoto)

bepsays presiserer om SMS-kritikk

bepsays kom i går i skade for å stole på NRK Sogn og Fjordane som kjelde for påstanden om at Clara Øberg hadde sagt at ho ikkje hadde fått ein SMS frå statssekretær Roger Ingebrigtsen.

Faksimile frå NRK Sogn og Fjordane. Clara Øberg sa ikkje det ho sa.

Faksimile frå NRK Sogn og Fjordane. Clara Øberg sa ikkje det ho sa.

«I did not have SMS-relations with that man, Mr. Ingebrigtsen»

«Ein rasande statssekretær Roger Ingebrigtsen frå Arbeiderpartiet stadfestar SMS-kontakt med Clara Øberg,»  skriv NRK Sogn og Fjordane.  Clara Øberg nekta først for at dette hadde skjedd, men sa så at det berre var ein «klapp på skuldra»-SMS utan politisk baktanke.

Bassenglektyren er sikra!

Gamle bøker. Foto: Tom Murphy VII (Wikimedia commons)

Gamle bøker. Foto: Tom Murphy VII (Wikimedia commons)

Sende nett avgarde ei bestilling til capris.no. Ferielektyren er sikra! I alle fall for den første veka…

Språkblomar i lokalpressa

«Køyrde tyl med skyssbåt,» avslører NRK Sogn og Fjordane. Tyl er elles ei svært god bok. Sogn Avis er også i det lyriske hjørnet i omtala av denne hendinga: «Fjordcruise med høg rus.» Cruise rimar på rus, det gjer det.

Den irske poeten William Butler Yeats.

Den irske poeten William Butler Yeats.

Språkstrid om portugisisk øygruppe

På Tinget på Wikipedia på bokmål og riksmål går det no ein debatt om ein skal skrive Azorene eller Asorene.

Angra do Heroismo i Asorane.

Angra do Heroismo i Asorane.

Frå Booby Trap til Buddy Holly!

I går vart det kjent at sogndølen/balestrendingen/hafslobygdingen/engelskmannen (for å vere sikker på ikkje å trakke nokon på føtene) Roger Allan Ivin - også kjend som Rai eller Allen D. Rocker - har fått rolla som bassisten i Buddy Holly sitt band i musikalen om rockelegenda. Dette er sjølvsagt stort, og dei største gratulasjonar til Roger!

Buddy Holly i musikalversjonen i Tyskland. Foto: Brukar Ger1axg (Wikimedia commons)

Buddy Holly i musikalversjonen i Tyskland. Foto: Brukar Ger1axg (Wikimedia commons)

Johanna er den nye Aretha!

Soulfingers med Johanna. Foto: Siv Dolmen

Soulfingers med Johanna. Foto: Siv Dolmen

For de som ikkje var mellom dei 59 betalande på Soulfingers sin konsert på Gamla laurdag: Dykkar tap! Soulfingers er eit 9 mann sterkt Blues Brothers tributeband med ei blåserekke på fire. Denne gongen hadde me med ei ung dame med ei vaksen stemme: Johanna Dahl Bryne.