Mobilt kontor anno 2010
Ein kar eg kjenner reiser mykje i jobben, og han har behov for å jobbe medan han reiser.
Han svergar til Apple sine produkt. Eg skriv dette innlegget i OS X Snow Leopard, så eg er ingen motstandar, men eg er heller ingen ukritisk fanboy.
La meg oppsummere:
Han har ein iPhone som i teorien kunne gjere mesteparten av jobben, men skjermen er liten, så …
han må ha med seg ein iPad som i det store og heile burde gjere heile jobben, men ettersom Keynote-filene frå iPhone OS ikkje er kompatible med Keynote i OS X, så …
må han ha med seg ein MacBook Pro 15-tommar.
iPaden egnar seg godt for å lese dokument og mailar i flysetet, men sidan den berre har WIFI-nett og iPhonen ikkje har støtte for deling av 3G-sambandet sitt, så …
har han med seg ein gamal Nokia som han kun bruker for å få iPaden sin på nett.
Eg kan legge til at av Apple-maskinene over, har berre MacBooken støtte for å gjere meir enn éin ting på ein gong (multitasking), så slik sett er det kanskje på sin plass å ha ein tre-fire av alt.
Apple-brukarar tilgir det mest grunnleggjande, som at maskinene ikkje pratar med kvarandre.