Kvelden eg nesten vart gatemusikant

Bajazz Bigband spelte på Kampendagane fredag kveld. Det var likaso meg og Bajazz og Johnny Knutsen på vokal. Ein real opptur! Masse folk, opne kranar og sol.

I tillegg til å nemne at Bajazz er klare for alle betalte oppdrag, og at på bordet der eg sat var han andre i Karl og co., ville eg nemne dette:

Ein gatemusikant på Karl Johan.

Ein gatemusikant på Karl Johan.

Då eg til slutt greidde å karre meg på ei t-bane frå Kampen til Nationalteateret, då eg gjekk oppover dei klangfulle gangane der mang ein gatemusikant hadde stått før meg - då fekk eg lyst til å pakke opp instrumentet. Eg trur eg kan matche dei aller fleste i ein t-bane-hall.

Men eg hadde truleg drukke éin halvliter for lite. Det får bli  neste gong.