Johanna er den nye Aretha!

Soulfingers med Johanna. Foto: Siv Dolmen

Soulfingers med Johanna. Foto: Siv Dolmen

For de som ikkje var mellom dei 59 betalande på Soulfingers sin konsert på Gamla laurdag: Dykkar tap! Soulfingers er eit 9 mann sterkt Blues Brothers tributeband med ei blåserekke på fire. Denne gongen hadde me med ei ung dame med ei vaksen stemme: Johanna Dahl Bryne.

59 betalande, men topp stemning. Foto: Siv Dolmen

59 betalande, men topp stemning. Foto: Siv Dolmen

Som ho syng, Johanna! Me hadde utvida repertoaret med nokre Aretha Franklin-klassikarar, og let ein att augene, så var  ho der - Aretha då ho var på sitt beste.

  • Think, ein klassikar frå Blues Brothers-filmen.

  • Respect, frå Blues Brothers 2000

  • Natural Woman, fenomentalt!

Johanna seier ho har lyst å gjere fleire jobbar med oss, så då må me utvide repertoaret. Me gler oss.