Saksofonar på anabole stereoidar
Eg spelte ein konsert med Soulfingers i går kveld med to ulakka Yamaha Custom 82Z-saksofonar. Tenoren er min, alten var lånt.
Eg har lenge vore ein Selmer-mann:
Alt: Selmer Super Action Serie II (gull-lakk), kjøpt 1986 (for konfirmasjonspengane). Med Phil Barone custom Meyer ebonittmunnstykke (6M, opna til vel 7)
Sopran: Selmer Super Action Serie II (svart lakk), kjøpt 1991. Med Bari Gold metallmunnstykke (6 *)
Tenor: Yamaha Custom 82Z (ulakkert), kjøpt 2007. Med Phil Barone Mainstream metallmunnstykke (7*)

Yamaha Custom 82z alt- og tenorsaksofon. Ulakkerte
Og all den tid eg elskar Selmersaksane mine - alten min kjenner eg betre enn mi eiga bukselomme - dei ulakkerte Yamahaane er beist av ein annan type. Dette er saksofonar på anabole stereoidar, med ein mekanisk presisjon berre folk frå Japan greier å få til.
Eg har prøvd 82z-modellen i alle lakkvariantar - alle fenomenale - men den utan lakk, sjølv om den ser ut som noko frå Adolph Sax si produksjonslinje, er noko heilt eige. Eit tonevolum og ein klang som kan sprenge glas.