Eg skulle ha følgt betre med i blokkfløytetimane
Blokkfløyte er eit instrument som var mykje brukt i musikkundervisninga i barneskulen på 70- og 80-talet.

Ei alt-, sopran- og sopraninoblokkfløyte. (PD)
Ho var rimeleg i innkjøp, men det vart heller sur musikk då 20 fjerdeklassingar skulle spele Lisa gjekk til skulen samstundes og unisont.
Eg var vel av dei meir ivrige, meiner eg å hugse; eg hadde byrja å spele saksofon på fritida, og han har eit greps-slektskap med blokkfløyta. Og heldigvis hadde musikklærar Ellingsen vit og evner til å variere timane.
Men Benoît Sauvé i videoen under må verkeleg ha følgt med i timen. Han har transkribert Pat Metheny sin gitarsolo på _Have You Heard. _Modig gjort, og med ein framifrå teknikk!