Facebook er ikkje viktig
Facebook har hatt tekniske problem denne veka. «Facebook bekrefter problemene,» skriv ITavisen og held fram:
«ITavisen.no har kontaktet Facebooks presseansvarlig i norden og avventer forklaring på hva som egentlig skjedde.»

Fjesbokmannen. Foto: Maxo (lisens: CC By 3.0)
Kven bryr seg?
Om EDB rotar og slettar alle pengane til det norske folk: Det er viktig.
Om ein ikkje får sett bileta av bikkja til naboen i eit par timar: Det er uviktig.