Leseliste påska 2011
Påske = krimlitteratur. For meg er vel denne likninga sann med alle høgtider og årstider på venstresida, men eg har handla inn nokre knakande gode bøker som eg skal sluke under påskesoli:
David Baldacci: The Sixth Man
Robert Crais: Stalking the Angel
Robert Crais: Indigo slam
I skrivande stund er eg godt inne i nummer to på lista. David Baldacci sin The Sixth Man er strålande. Baldacci har ei eiga evne til å kome opp med historiar som nesten er for fantastiske og for gode til å vere sanne, men presenterte på ein svært elegant og truverdig måte.
Baldacci har for øvrig sett namnet sitt på 21 romanar. Eg har lese dei alle. Men lukkeleg nok kan han touchmetoden, han skriv raskt – og om litt er han ute med noko nytt. Gler meg!