Magnus sjakkmeister, Magnus konge
Magnus er meisteren av sjakkbrettet. «Magnus» er også eit latinsk adjektiv for «stor».
Fredag 22. november 2013 er dagen då Magnus Carlsen vann verdsmeistarskapen i sjakk. Ein monsterprestasjon – og halve Noreg sat klistra til TV- eller PC-skjermen medan det skjedde.
Dette er stort. Foreldra til Carlsen var framsynte då dei døypte guten.
Kongane

Magnus Carlsen i Tata Steel-turneringa i 2013. Foto: Frans Peeters.
Sjakkspelaren Magnus Carlsen har truga mange kongar. Før han har mange kongar delt hans namn:
Sju norske kongar har i følgje Wikipedia på nynorsk hatt «Magnus» som fyrste namn:
Kong Magnus I (Olavsson) den gode, konge (1035–1047)
Kong Magnus II Haraldsson, konge (1066–1069)
Kong Magnus III (Olavsson) Berrføtt, konge (1093–1103)
Kong Magnus IV (Sigurdsson) Blinde, konge (1130–1135)
Kong Magnus V Erlingsson, konge (1161–1184)
Kong Magnus VI (Håkonsson) Lagabøte, konge (1263–1280)
Kong Magnus Eriksson (Magnus VII), konge (1319–1355)
Ungane

Historisk utvikling av bruken av namnet Magnus i Noreg. Kjelde: SSB.
I følgje Statistisk Sentralbyrå er det i dag 14 994 personar som har Magnus som fyrste fornamn, 12 877 som éinaste fornamn og 347 som etternamn.