Frogner: Ingen herrebukser
Skal du ha deg ei bukse og du er mann må du finne andre plassar å handle enn på Frogner i Oslo.

Dei to klesbutikkane i Riddervoldsgate i Oslo, 2010.
For der har handelen endra seg monaleg dei siste ti åra. Som biletet over syner var det to utsalsstader på Riddervolds plass som selde herreklede i 2010. Eg skreiv då om H. M. Ramstad (truleg i slekt med trekkspelaren frå Kaupanger) sin butikk med herreklede til den britiske overklassen. I nabobutikken selde _Bruuns Bazaar _både herre- og kvinneklede.
I dag har trekkspelaren stengt dørane. Og naboen har kasta ut herrebuksene til fordel for meir av det kvinner vil ha – til seg sjølv.
I år 2000 var det to fiskebutikkar og éin jarnvareforretning i området. I dag er desse borte vekk. Erstatta av kaffibarar, sjampanjebarar, kioskar – og utspjåka motebutikkar for kvinner.
Og herrekonfeksjonen er utrydda.