Kunstverka over
Louis Vuitton
Tykkjer du det er for dyrt å gå inn, kan du heve blikket – og nyte veggmåleria.
Det franske motehuset Louis Vuitton har butikklokale i Akersgata i Oslo, i Skreddargården.
Bygningen vart bygd i 1894 for skreddar Carl Hansen. Arkitekt var Christian Reuter.
Han er bygd i nyrenessansestil og er dekorert med vakre freskomåleri, truleg ført i pensel av dekorasjonsmålar Halfdan Davidsen.