Vil dumpa 350 millionar tonn i Barsnesfjorden
– Me har allereie søknaden til Miljødirektoratet klar, seier Steinar Goldenheim, adm. dir. i Klondyke Fjord Mining Inc.
Han seier dei har hatt planane klare lenge, men har vore avventande til det grøne lyset til gruvedrift i Engebøfjellet i Sunnfjord.
– Det at dei no har fått løyve til å dumpa 300 millonar tonn delvis giftig gruveavfall rett ut i den fiskerike Førdefjorden er presedens for oss. I politikken er også idiotvedtak presederande, seier Goldenheim.
I Sunnfjord skal dei grava etter titan. Klondyke Fjord Mining meiner det skal vera liv laga med gruvedrift etter gull i Barsnesfjellet i Sogndal.
– Me kan jo ikkje vita om det er gull der før me grev. Men no er det no slik at gull er sopass mykje verdt at om me finn berre éin promille gull i den massen me grev ut, vil me sitja att med 5.495×10¹³ kroner. Og det skal me ikkje kimsa av!
– Ja, dette betyr slutten på det rike fuglelivet på Barsnes. Men her er også fleire oppsider. Om 10-20 år vil det ligga ei naturleg bru over Sogndalsfjorden, og me har rikeleg med masse til overs til å gjera Fjordstien i Sogndal til ein 30 meter brei motorveg, seier Goldenheim entusiastisk.
– Kor mange tilsette er det i Klondyke Fjord Mining Inc?
– Førebels er det berre meg. Men det er klart, eg kan ikkje greia heile denne gravejobben aleine.
Og det var fylkesspit!