Frå skog til fjordpanorama
Ser du ikkje fjorden for berre skog, kan du kanskje henta inspirasjon frå Tjødnali i Sogndal.
Tjødnali ligg øvst oppe i fjellet på tettstaden Kjørnes i Sogndal kommune. Bustadfeltet ligg på andre sida av fjellet frå Sogndalsfjøra, men dei siste par tiåra har hus kome til syne over tretoppane.
Og dette må seiast å vera smart! Her har du eit hus midt inne i skogen – og med nokre enkle grep får du eitt av dei mest luftige fjordutsyna som er å oppdriva! Ikkje berre fjordgløtt her, nei!